For Employers
Trainee Procurement, Operations & Technology - Rem Offshore


Yapril AS
NorwayLocation
Norway
15 days ago
Posted date
15 days ago
N/A
Minimum level
N/A
Full-timeEmployment type
Full-time
BuyerJob category
Buyer
Vil du starte karriera tett på drift, teknologi og utviklingsprosjekt i eit leiande offshorerederi?

Rem Offshore søkjer ein engasjert trainee til hovudkontoret vårt i Fosnavåg. Her får du ei unik moglegheit til å jobbe på tvers av fagmiljø og bidra både i operative oppgåver og utviklingsprosjekt innan teknisk avdeling og innkjøp.

Her får du
  • moglegheit til å jobbe tett på den tekniske drifta av moderne offshorefartøy
  • delta i spanande utviklings- og forbetringsprosjekt
  • bli ein del av eit rederi i vekst, med nybygg og høg prosjektaktivitet
  • ein dedikert mentor og tett oppfølging gjennom heile traineeperioden

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesse, og kan blant anna vere
  • å ivareta innkjøpsrolle knytt til eitt eller fleire fartøy
  • å bidra i implementering av nytt innkjøpssystem
  • å følgje opp avtalar, rammeavtalar og utvalde leverandørar
  • å bidra i utviklings- og digitaliseringsprosjekt
  • å bidra i arbeid knytt til nybygg og leveransar i traineeperioden
  • å bidra i aktivitetar knytt til rekruttering, messer og utdanningsarenaer i samarbeid med mannskaps-avdelinga

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som
  • er nyutdanna med ein bachelor/master innan teknologi, økonomi eller IT-relaterte fag
  • er strukturert, lærevillig og nysgjerrig
  • trivst med varierte oppgåver og samarbeid på tvers av fagmiljø
  • har interesse for teknologi, drift og forbetringsarbeid
  • har interesse for maritim næring og offshoreverksemd, og ønskjer å lære meir om rederidrift
  • du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Vi kan tilby
  • Ein variert og spanande arbeidskvardag, der du får ta del i sentrale prosessar
  • Tett oppfølging, rettleiing og reell læring i arbeidskvardagen
  • Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår, med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Noko reiseverksemd i inn- og utland kan forventast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for fast stilling etter traineeperioden

Skap di draumekarriere på Søre Sunnmøre

Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring - Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Les meir om traineeprogrammet her .

Oppstart: Etter avtale, innan 1. september

Varigheit: 1 år, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioden

Steder Holmefjordvegen 8, Fosnavåg, Norway Søknadsfrist 25.05.26
Related tags
-
JOB SUMMARY
Trainee Procurement, Operations & Technology - Rem Offshore
Yapril AS
Norway
15 days ago
N/A
Full-time

Trainee Procurement, Operations & Technology - Rem Offshore